Vi hjelper deg med

Tekst

Vil du overtale med tekstane dine? Få fram eit viktig bodskap, eller vinkle saka på ein interessant måte? Vi leverer reklametekstar, artiklar, presentasjonar, innhaldsmarknadsføring, rapportar og andre tekstar som krev godt språk og rette verkemiddel.

Logo og grafisk profil

God design er viktig for korleis kundane opplever deg. Findriv har lang og brei erfaring med å utvikle logo og profil for kundar. Saman finn vi ut kva din profil skal uttrykke og korleis den kan skape meirverdi for merkevara di.

Digitalt innhald

Å promotere varer, tenester eller opplevingar i digitale kanalar, krev kunnskap om verktøyet og målgruppa. Vi skaper godt innhald til sosiale medium og nettsider som gjer deg synlegare. Kvifor publisere eige innhald? Fordi kundane vil bli kjent med deg!

Trykksaker

Plakat, magasin, brosjyre, visittkort, rapportar eller DM? Vi er rå på trykksaker og veit kva som skaper merksemd!

Nettside

Ikkje leik gøyme og leite med kundane dine. Dei ser etter deg på nett, og då er det viktig at du er der. Findriv er leverandør av 123press-nettsider med Mediebruket som samarbeidspartnar på drift og hosting.

Kampanje

Gode kampanjar blir lagt merke til og skaper engasjement og resultat. Vi kan stå for ide, innhald og val av kanalmiks i kampanjen din.

Arrangement

Vil du ha hjelp til å gjennomføre eller marknadsføre arrangementet ditt? Vi kan stå for begge deler. Brei og solid erfaring gjer at vi veit kva som må til for saumlaus gjennomføring og stormande jubel!