Digital marknadsføring er etterspurt, og vi er difor på jakt etter ein person som kan utvikle kundane våre på dette området.

Å jobbe i eit lite reklamebyrå i Sogn og Fjordane krev at du må kunne litt om alt og alt om litt. Vi ønskjer at du har erfaring frå kommunikasjon, web, merkevarebygging eller forretningsstrategi. Fellesnemnaren er at du har brei kunnskap om digitale flater. Det er viktig at du kan ta rolla som prosjektleiar på større prosjekt, men også bidra i produksjonen.

I tillegg til ei spennande stilling kan vi tilby trivelege kontorlokale, god kaffi og kjekke kollegaer i eit miljø i utvikling. Om du evnar å ha eitt bein i det kreative, eitt i det analytiske og eitt i det teknologiske, vil vi veldig gjerne snakke med deg.

Meir om stillinga:
Kontakt dagleg leiar Tom Farsund, tlf. 901 18 254 eller tom@findriv.no

Søknadsfrist: 2. mars
Søknad sender du til tom@findriv.no