Kommunikasjon som treffer i hovud og hjarte

Eit folkeleg reklamebyrå med kontor i Førde

Referansar

Førdefestivalen har vore kunde hos Findriv i mange år, og grunnen er enkel: Findriv tek oss som kunde på alvor – og leverer, enten oppdraga er små eller store. Dei er kreative, engasjerte og oppdaterte.
Folka i Findriv er til å stole på!

Torill Faleide Kommunikasjonssjef, Førdefestivalen

I samband med at vi etablerte nynorskbyen sitt litteratur- og debattprosjekt måtte vi finne ein identitet og eit «merke» som var tydeleg og symboliserte på ein enkel måte kva dette handla om. Både namnet «Rom for ord» og den grafiske formgjevinga satt som støypt. Det var nett dette vi ville ha!
Og i dag – to år etter – ser vi at det fungerer, truleg langt i overkant av det vi kunne forvente.
Og det var Findriv som hjalp oss! Takk for hjelpa!

Trond UelandKommunalsjef, Førde kommune

Findriv har vore med på tilrettelegginga av Næringsdagane i Sogn og Fjordane frå starten i 2015. Dei har løyst oppdraget på beste måte, med tilrettelegging av programmet, marknadsføring og praktisk gjennomføring. Kunnskap og personressursar i Findriv er eineståande og har gjort at vi er godt nøgde med alle konferansane.

Jan HeggheimFylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hjå Findriv blir vi møtt med interesse og forståing for ideane vi har med oss. Gong på gong har eg opplevd å kome inn døra med draumar og gå ut att med det som skal til for å realisere dei. Findriv omset innspel og idear til form og innhald på ein kreativ, men konkret måte. Estetisk er resultatet alltid framifrå! Det gjer oss tryggare, stoltare og meir offensive, og vi går ut i marknaden i fin driv!

Janne Karin StøylenSvidal skriveri

Kringom har nytta Findriv til grafisk utforming av annonsar og plakatar sidan mars 2016. Findriv har laga fleire kampanjar for Kringom der bodskapen formidlast gjennom annonsar og video, på nett, mobil og trykte medium. Findriv er flinke til å treffe med eit innhald i kampanjane som er i samsvar med profilen til Kringom, og kjem med spanande idear til korleis bodskapen skal formidlast. Vi set og pris på at alle oppdrag blir utført til avtalt tid og til avtalt pris

Tove BergetRådgjevar, Samferdsleavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Findriv produserer Feriemagasinet for Travelnet Fjordane Reisebyrå. Vi er superfornøgd med jobben Findriv gjer for oss. Ryddig, rask og kreativ!

Anne Oline F. GullaksenTravelnet Fjordane Reisebyrå

Referansar

Samarbeidet  med Findriv har vore særdeles viktig i arbeidet med å utvikle Jølster Aurefest.  Dei har vore med oss heilt frå starten for 4 år sidan og utvikla profilen, hjelpt til med marknadsføring og sjølvsagt vore gull verdt med si store erfaring frå andre store arrangement.  Ilag har vi i løpet av desse 4 åra fått til den største innlandsfiskekonkurranse i Norge med over 1000 deltakarar og stor folkefest.

Finn ÅrdalLeiar arrangementskomiteen, Jølster Aurefest

Findriv har vore ein god samarbeidspart heilt frå starten av Førde Opp i 2012.
Dei utvikla logo og profil, har stått for alt av marknadsføring og materiell – og har hatt ansvar for den daglege leiinga av arrangementet. Vi opplever Findriv som både hjelpsame og kreative, og sammen med oss i arrangementskomiteen har dette blitt eit flott og viktig arrangement for Førde og fylket.

Bjørn KjønåsLeiar, Førde Opp

Vi brukte Findriv då Førde stod som vertskap for EM i vektløfting 2016. Findriv var ein viktig samarbeidspart og med frå den spede start i 2012. Dei bidrog i søknadsprosessen til det europeiske vektløftarforbundet, og tok også del i mange av prosessane rundt støtte og samarbeidsavtalar med det offentlege og private. Dei produserte logo, profil og design i hallen – noko vi fekk svært mange positive tilbakemeldingar på. Dei  tok også del i den praktiske gjennomføringa dei 10 dagane stemnet vart gjennomført.

Vi er takksame for det solide og gode arbeidet som vart lagt ned, og kan trygt anbefale Findriv som ein kreativ og dyktig samarbeidspart.

Stian GrimsethLeiar, EM vektløfting Sunnfjord 2016

Vi hjelper deg med

Tekst

Vil du overtale med tekstane dine? Få fram eit viktig bodskap, eller vinkle saka på ein interessant måte? Vi leverer reklametekstar, artiklar, presentasjonar, innhaldsmarknadsføring, rapportar og andre tekstar som krev godt språk og rette verkemiddel.

Logo og grafisk profil

God design er viktig for korleis kundane opplever deg. Findriv har lang og brei erfaring med å utvikle logo og profil for kundar. Saman finn vi ut kva din profil skal uttrykke og korleis den kan skape meirverdi for merkevara di.

Digitalt innhald

Å promotere varer, tenester eller opplevingar i digitale kanalar, krev kunnskap om verktøyet og målgruppa. Vi skaper godt innhald til sosiale medium og nettsider som gjer deg synlegare. Kvifor publisere eige innhald? Fordi kundane vil bli kjent med deg!

Trykksaker

Plakat, magasin, brosjyre, visittkort, rapportar eller DM? Vi er rå på trykksaker og veit kva som skaper merksemd!

Nettside

Ikkje leik gøyme og leite med kundane dine. Dei ser etter deg på nett, og då er det viktig at du er der. Findriv er leverandør av 123press-nettsider med Mediebruket som samarbeidspartnar på drift og hosting.

Kampanje

Gode kampanjar blir lagt merke til og skaper engasjement og resultat. Vi kan stå for ide, innhald og val av kanalmiks i kampanjen din.

Arrangement

Vil du ha hjelp til å gjennomføre eller marknadsføre arrangementet ditt? Vi kan stå for begge deler. Brei og solid erfaring gjer at vi veit kva som må til for saumlaus gjennomføring og stormande jubel!

Vi er i Findriv

Findriv hjelper deg med å formidle og få merksemd. Det gjer vi på tvers av kanalar og med ulike verkemiddel. Engasjerande tekstar? Grafiske løysingar som blir lagt merke til?
Eller eit arrangement det går gjetord om?

Vi vil levere – slik at du får resultat.

TOM FARSUND

Dagleg leiar
Tlf. 901 18 254
tom@findriv.no

WENCHE TAKLE

Senior designer
Tlf. 958 38 556
wenche@findriv.no

KRISTIN GJELSVIK

Senior designer
Tlf. 901 51 415
kristin@findriv.no

KRISTINE SLETTEHAUG

Tekstforfattar
Tlf. 917 72 842
kristine@findriv.no

Utrulege ting kan skje om begeistring blir brukt som drivkraft!

Olav V

Send oss ein e-post

eller ring tlf. 901 18 254

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram